Good-day from New South Wales
Tida sidan vi starta i juli har gått altfor fort, og det er rart å skulle forlate byen og landet snart. Eg har høyrt det er is på Skansedammen heime, men her var det varmerekord på 37 grader i forgårs. For tida handlar nyhenda om bushfires, extreme weather conditions, evakuering og utslitne fire-fighters. Her i Newcastle og dei store byane merkar ein det kun på røyklukta som gjer at ein må lukke huset. For dei som køyrer langs kysten no er det enten stengte vegar eller å køyre i timevis på røyklagt hovudveg. Heldigvis var alt opent då vi hadde ferie i oktober (sjølv om vi køyrde forbi brennande skog då også). Det er faktisk naturleg med skogbrann her i landet, det er til og med tresortar som treng ein brann for å sleppe frøa til neste generasjon, men brannsesongen i år starta mykje tidlegare enn vanleg. No har både gardar, koalareservat og nokre liv gått med. Det er trist, og samtidig spennande å følge med på politikken og korleis klimaaktivistane argumenterer her i dette kolproduserande landet.
- Maps: Når ein ven køyrer mellom stengte vegar
- Lunsjpause i lesedagen
- Sist helg i Sydney
Newcastle er framleis fint, og viser seg frå sine betre sider no som alle dagar er rundt 20 gradar eller varmare. Det er synd vi er ferdige om to veker, for det er denne månaden det har blitt fint og varmt. Vatnet er deilig, bølgene er greie for dei som surfer og ein sval vind gjer det behageleg utandørs, så lenge det ikkje brenn i nærleiken. På John Hunter Hospital har vi lært mykje om childhood asthma og post-partum haemorrhage og ingenting om paediatric neurosurgery, noko eg synest er veldig nyttig. Det er mange guidelines vi må kunne eller kjenne til, men eg veit eg kjem til å møte slike pasientar fleire gonger i framtida. Som eg har skrive tidlegare, så blir denne utvekslingsavtalen avslutta fordi universitetet her (UoN/UNE) går over til ‘trimesters’ og ny studieplan, men om du leser dette og vurderer å ta heile medisinstudiet i utlandet, så vil eg absolutt seie at Newcastle er eit godt alternativ. Vi har nokre av dei beste australske strendene som omkransar heile byen, Sydney er ein kort togtur unna og folket er veldig opne og hyggelege. Australia generelt er eit fint land, men det kostar å gjere alt ein har lyst til. …og så er det kun barista-kaffi 🙂
- Kule trær i Townsville, QLD
- Brisbane-utsikt
I ferien tok eg turen nordover frå Brisbane i Queensland og fekk oppleve Noosa, Hervey Bay, Fraser Island, Yeppoon, Airlie Beach, Whitsunday Island, og Townsville før eg måtte heim igjen. Lange avstander er det ein merkar mest, men når du kjem fram er det vakre strender og aktive turistattraksjonar. Dagane elles går med til å studere, og til aktiviteter med studentorganisasjonar eg har blitt med i. Det blei ingen proff-surfar av meg, då skulle eg blitt her lenger og kjøpt meg ‘utility car’ med roof racks. Eg nyter heller kvardagsfritid i Merewether Ocean Baths, som er like ved der eg og veninna mi bur. Perfekt avkjøling og avstressing med fin utsikt på symjeturen!
- Merewether Ocean Baths, nabolaget mitt
No er det eksamensperiode, og vi øver til både OSCE og MCQ-eksamen som begge er neste veke. OSCE er det som krever djupast kunnskap, og har kanskje stasjonar som utføring av nyfødtundersøkinga, rådgjeving om prevensjon til ein skodespelar eller akutt handtering av alvorleg astmaanfall. Eg vil verkeleg tilrå andre å studere i Newcastle, sjølv om det britisk-australske legesystemet er annleis. Det har tatt oss skandinavar litt tid å forstå kva dei vil ha oss til å gjere når dei ber om ‘Assessment’ og kva som er rekna som ‘Investigations’, og ikkje minst når ein må huske å be om ‘consent’ for ikkje å stryke på stasjonen. Eksamen starter 7.30 am på onsdag, og då satsar eg på at my professional skills are on fire too. Litt tørre vitser må til, har bare drukke éin Flat white i dag. Der tuta dagens siste kolskip farvel i hamna, og eg må seie takk for no.
Ha ei fin eksamensperiode de òg!
– Oda
- Hageporten min
- Jacaranda-blomar
- Ta kontakt om du har spørsmål om utveksling, Astralia, eller vil høre hvor skummelt det er å sykle i trafikken her.
- obr012@uib.no eller snapchat: @sykkelstudent