G’day mate, how you doin’, seier dei raskt, nesten utan å opne munnen. Det er då ein må samle seg og seie I’m good, thanks, how are you, før du mister sjansen og stemninga blir spent. Det gjekk ikkje så bra på første hotellet etter tretti timar på reise, men no som eg har vore her ein god månad kan eg sjølv slenge det ut, på bussen, på stranda, på kafé, i studentrommet på sjukehuset og på «handover» med legane (morgonmøte).
- Vinterblomst i gata der eg budde på AirBnB første veka. Typisk murhus i bakgrunnen.
- Etter ein dag i praksis er det deilig å gå ned til havet.
- Gamalt lokomotiv på utstilling
Eg og Bertina er i Newcastle, New South Wales, Australia (to timar nord for Sydney). Vi har bytta ut MED9 (mor-born) med WACH (women, adolescents and children’s health). Dei andre utvekslingsstudentane er to frå Århus og fire frå Oslo. Foreløpig er vi dessverre blant dei siste studentane frå Noreg her, ettersom dei skal endre studieplanen her til neste år. Denne utvekslinga har vore ønsket mitt i fleire år, men Newcastle var ganske fjernt fram til vi plutseleg var her, på forelesning måndag morgon 24. juni, klare for å starte semesteret tre dagar etter munnleg eksamen i dermatologi på Haukeland.
Den største forskjellen frå Bergen her, er at det berre er nokre få forelesningar i ei intensiv veke før ein startar i praksis. «Placement» er seks veker pediatri, seks veker obstetrikk og gynekologi, to veker ferie og fire veker sjølvvalt praksis. Så kjem nokre forelesningar i eksamensperioda. Det er særleg kjekt med så mykje praksis når ein er på utveksling og treng å lære språk og system, men det som sakte går opp for meg, er kor stort ansvar ein har for eigen læring. Eg må lære det utan å få det undervist først. Utan forvarsel kan legane i praksis be meg oppsummere pasienten vi går visitt til, tolke rtg. thorax eller fortelle dei kva charge-syndromet inneber. Eg er vant til at legane fortel meir og spør mindre, og har ofte ikkje svaret. Ein kan heldigvis seile under flagget «sorry, I’m an exchange student» når det blir vanskeleg. I kortfatta journalar er det konsekvent bruk av abbreviations for alle sjukdomar og overskrifter, så det var mykje forvirring i starten rundt til dømes CXR, FTT, URTI, NAI, Abx og PMH. Det er stort fokus på «professional skills» og vi øver kvar veke på «history taking and examination» før vi presenterer funna for ein lege som gir oss poeng. Her er det munnleg formuleringsevne som gjeld, ikkje skriftlege journalar som heime. Eksamen i november er munnleg OSCE og skriftleg MCQ. Eg trur faktisk det er den skriftlege som kjem til å bli utfordringa, fordi vi har så mykje praksis som førebur oss til munnleg.
Pediatri er kjekt. Det går mykje i astma, dehydrering, nasogastric fluids og observation overnight. Dei skriv journalen for hand, den blir ikkje scanna før etter innlegginga. Det er trøblete å lese, og ein er stadig på jakt etter permen til pasienten fordi alle skriv i den og flyttar den rundt på avdelinga. Det mest interessante med pediatri-praksis er at ein får innblikk i den typiske australske familien. Legane tar med studentar på alt, også når det er komplekse psykososiale problem eller når intensivbehandlinga ikkje kan redde pasienten. Eg har vore ein del på dei ulike barneavdelingane (wards) og poliklinikk (outpatients), og i morgon skal eg ha praksis på ein ungdomsskule.
Newcastle er ein av dei eldste australske byane, med gamle steinhus og mykje biltrafikk. Byen er omgitt av strender på alle kantar. Like bortanfor sentrum ligg hamna som er verdas største eksportør av kol, hovudsakleg til Kina. Kvar dag køyrer digre lasteskip til og frå. Der eg bur er det 200m til bynære Newcastle Beach, som blir brukt til surfing heile dagen. Sjølv har eg berre prøvd to gongar, men det blir forhåpentleg meir etter kvart. Sidan det er vinter her, er det kaldare enn eg har pakka klede til (ned mot 5 om natta og kald vind om dagen). Husa har ingen isolasjon, så det kan vere kaldare inne enn ute midt på dagen. Det blir mørkt før klokka seks om kvelden, så ein rekk ikkje gjere så mykje utandørs i kvardagen. Foreløpig er det temperaturmessig «norsk sommar», og dei lokale er spent på om vi taklar varmen nå det blir australsk sommar. Eg gler meg til byen får meir liv, lys og varme i løpet av våren!
Foreløpig har eg fått sett Nelson Bay, Sydney og Brisbane. Eg har også vore prøvemedlem på yogasenter med dei andre skandinavane, prøvd to treningssenter og klatreklubb. I går var det årlege vinterballet MedBall og i dag er det byvandring med studentorganisasjonen for utvekslingsstudentar. Eg har handla eit par ting på gumtree.com.au (australsk Finn) og blir stadig overraska over kor hyggelege og gjestfrie dei lokale er. Til dømes kjøpte eg eit spegl, og dei eg kjøpte det av køyrde meg heilt heim når dei fekk høyre at eg skulle ta bussen. No er det på tide å gå ut i sola, men det kjem nok oppdatering etter kvart!
See ya, helsing Oda.
Her er eit lite utval bilde frå juli.
- Newcastle er stolt av sin nye bybane, som er nesten heilt lik den i Bergen. Men denne har faktisk ingen stolper langs linja (kunne gått over Bryggen).
- Utsikt frå Tomaree Mountain med Nelson Bay til høgre.
- Nelson Bay
- Morgontur på Newcastle Beach